Om klubben

Den organiserte fotballen på Eidså starta tidlig på syttitalet då Eidså IL melde på senior herrelag i kretsserien på Sunnmøre. Før den tid hadde det vore noko meir tilfeldig aktivitet gjennom uformelle kampar, deltaking i den såkalla Søre-serien samt noko aktivitet med gutelagsfotball. Eidså IL deltok i kretsserien med seniorlag for herrar og stor aktivitet i yngre klasser fram til 1983. Då vart det vurdert å starte opp lag i regi av Syvde IL og også starte opp eigne lag på Fiskå. Som ein følgje av det, vart det då tatt initiativ frå styret i Eidså IL om å starte eit nytt felles fotballag som skulle samle fotballaktiviteten i den midtre del av kommunen.  

31. oktober 1983 vart Vanylvskameratane FK stifta samtidig som Eidså IL overdrog utstyr og retten til å spele i kretsserien til den nye klubben. Aktiviteten i laget var stor frå starten av og den første tillitsvaldelista bestod av namn nærare 60 personar. I tillegg kom trenarane for laga. Ein liten digresjon er at laget vart stifta under namnet Blink 83, men namnet vart aldri godkjent av Norges Idrettsforbund og ein tok seinare namnet Vanylvskameratane Fotballklubb, forkorta til VanKam FK.

Aktiviteten i klubben var stor på åttitalet og utover nittitalet. Jentefotballen kom også stert inn med både seniorlag og fleire aldersbestemte lag. På slutten av nittitalet fekk klubben større og større problem med senior herrelaget og det var fare for at herrelaget måtte leggast ned. Åram IL som hadde vore sterke på herresida med lag heilt oppe i 3. divisjon, fekk også problem med sitt lag. Ein valde då å samarbeide eitt år med felles herrelag før ein 21. november 1997 stifta Åram/VanKam FK. Dette var i realiteten eit reint herre seniorlag sjølv om laget også enkelte år deltok med juniorlag, og då gjerne i samarbeid med andre klubbar.

Åram/VanKam FK og VanKam FK hadde parallelle aktivitetar fram til 2017.  Etter kvart såg ein behovet for å samarbeide nærare og drøftingar om samarbeid pågjekk i mange år før det  10. desember 2017 vart  vedtatt å starte ny klubb. Aktiviteten i begge desse laga vart då overført til Vanylven FK. I denne perioden før og etter at Vanylven FK vart stifta, såg ein at også Åheim IL hadde problem med å halde oppe fotballaktiviteten sin som følgje av mindre årskull med born, noko som førte til at fleire born frå synste delen av kommunen søkte til fotballtilboda på Eidsåvoll.  Tanken bak den nye klubben var å auke kvaliteten på fotballtilboda i kommunen.


Under kan du sjå eit lagbilete frå 1972.