FFO - Vanylven Fotballklubb

Postet av Vanylven Fotballklubb den 11. Nov 2019

Knut Arne Frostad inn som FFO-leiar.

Vi har kryssa av alle punkta på ønskelista vår, og det er ei glede å kunne ønske Knut Arne Frostad velkomen i klubben.
Knut Arne tek over leiarfunksjonen i FFO-nemnda med formål om oppstart av FFO-tilbod frå hausten 2020.

Knut Arne er svært kvalifisert for jobben med utdanning som idrettspedagog/Bachelor frå Høgskulen i Sogndal. Han har C-trenar utdanning og lang erfaring som spelar for Herd og Spjelkavik. Han uttalar at formålet med FFO-tilbodet skal vere aktivitet for alle. "Idrettsgleda og aktiviteten skal stå i fokus!"

Vi har nettopp avslutta brukarundersøkinga vår vedr FFO-tilbod og svara gir godt grunnlag for vidare arbeid. Dette vert spennande! 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline