Forlenga påmeldingsperiode for FFO

Postet av Vanylven Fotballklubb den 10. Mai 2020

Vi har brukt "Korona-pausa" til å få oversikt og finpusse planane våre. Vi har over 60 påmelde, men har ledig kapasitet enkelte dagar. Vi opnar difor opp igjen for nye påmeldingar til FFO så lenge vi har plass.


Anleggsnemnda og FFO-nemnda er i full gang med detaljarbeidet knytt til innreiing av omkledningsrom, kjøkken, kontor, allrom og innkjøp av minibuss. Til saman er dette ein kjempejobb og vi er sikre på at resultatet vert svært bra.







FFO - Vanylven Fotballklubb

Postet av Vanylven Fotballklubb den 11. Nov 2019

Knut Arne Frostad inn som FFO-leiar.

Vi har kryssa av alle punkta på ønskelista vår, og det er ei glede å kunne ønske Knut Arne Frostad velkomen i klubben.
Knut Arne tek over leiarfunksjonen i FFO-nemnda med formål om oppstart av FFO-tilbod frå hausten 2020.

Knut Arne er svært kvalifisert for jobben med utdanning som idrettspedagog/Bachelor frå Høgskulen i Sogndal. Han har C-trenar utdanning og lang erfaring som spelar for Herd og Spjelkavik. Han uttalar at formålet med FFO-tilbodet skal vere aktivitet for alle. "Idrettsgleda og aktiviteten skal stå i fokus!"

Vi har nettopp avslutta brukarundersøkinga vår vedr FFO-tilbod og svara gir godt grunnlag for vidare arbeid. Dette vert spennande! 



Ny heimeside!

Postet av Vanylven Fotballklubb den 27. Sep 2019